Dynamisk skyting for Heimevernssoldaten? av Ingebrigt Polden

Dei fleste har nok eit forhold til sivil sportsskyting gjennom DFS og Landskytterstevnet. Skyteformene til DFS dekker to av dei tre skyteformene vi treng i Heimevernet: skuleskyting og feltskyting.

Er det då verkelig eit behov for å sjå på andre former for sportskyting? Dette vil vel gjerne smerte mangt et gammalt skytterlagshjerte, men svaret er et ubetinga ja. Dei ulike skytegreinene utfyller kvarandre, og skaper variasjon og fremmer dei treningselementa vi treng beherska som gode skyttarar og gode soldatar.
13987110_10153653168832102_1508007699_o

Dynamisk skyting er ein skyteform som krever at skyttaren beveger seg underveis i øvelsen, og at kvar øvelse ein skyt er unik. Ein blir dermed målt i sin allsidige skyteferdighet i staden for i ein standardøvelse ein kan øva spesifikt på. Blinkane er på varierande hold, og resultata er basert på både tida ein brukar og poenga ein skyt. Dette gjer at ein må balansera hurtighet og presisjon ut i frå eigne ferdigheter og kva ein ser som hensiktsmessig i kvar enkelt øvelse.

Det er to forbund som i dag administrerer kvar sin form for dynamisk skyting. Dette er Norsk Reserveoffisers Forbund (NROF) og Dynamisk Sportskyting Norge (DSSN).

Felles for begge er at ein skyt ein serie unike øvelsar som og resultatene frå kvar av desse øvelsane blir satt saman til eit resultat for stevnet som heilhet. Kvar øvelse har eit varierande antall skudd som kreves, et varierande antall skiver og hold, samt varierande forutsettningar. Øvelsane skal gjennomførast i fri stil og korleis ein vil løsa øvelsen ut i frå forutsettningane er opp til den enkelte.

Eg vil bruka det Nordiske mesterskapet i dynamisk rifle som vart avholdt i Vuttudal i sommer som eksempel på korleis denne forma for skyting er svært god trening for heimevernssoldaten, til tross for at det er ei sivil skyteform og på ingen måte stridstrening.

Stevnet besto av 17 øvelser og minimum 142 skudd. Øvelsane var varierte og omtrent halvparten av skuddene var på over 200m. Det lengste holdet var 380 meter og det kortaste var kanskje 3 meter. Den kortaste øvelsen krevde minimum 8 skudd på 4 blinkar på relativt kort hold, mens den lengste krevde minimum 40 skudd på 20 blinkar. Stevnet var i sin heilheit ein svært god prøve på praktiske skyteferdigheter under varierande forhold.

14030692_10153653189372102_90060189_n

Forskjellige hold og målvekslingar:

I denne øvelsen var det to skiver ved siden av kvarandre på ca 200m og tre skiver på cirka 40-60m i vifteform.

-Hvilke skiver skal eg skyta først?

-Kan eg skyta dei lange skivene like fort som dei korte?

-Skal eg søka støtte for våpenet frå stroppen eller frå reisverket? Skytestilling?

 

 

14037618_10153653155632102_1253355070_oBevegelige mål:

I denne øvelsen starta ein med tomt våpen. Med ein fotpedal løste ein ut tre svingande mål. Det var to mindre skiver på litt lenger hold.

-Korleis skal eg sikta for å treffa skivene i bevegelse?

-Kor fort kan eg skyta dei?

-Kor mykje har eg trent på ildhåndgrep?

 

 

14017565_10153653164307102_1003441775_nVanskelige skyteposisjonar:

I denne øvelsen var det fire skiver som måtte skytast gjennom ei luke i veggen. Det var også 5 små stålplater som måtte skytast gjennom ei lav luke lenger borte. Den lave luka var laga slik at ein måtte skyte med våpenet meir eller mindre sidelengs for å kunne sjå gjennom siktemidlene.

 

 

 

 

13978283_10153653166557102_775480655_oSkyting rundt hjørner eller barrikadar:

I denne øvelsen var det fire skiver og ei lita stålplate som måtte skytast utan å bevege beina ut av det oppmerka området. I det startsignalet gjekk skulle våpenet stå halvladd opp mot veggen.

-Korleis skal eg stille meg for å kunne skyte rundt hjørnet utan å trå over markeringa?

 

 

 

 

Etter mi meining er dette ein måte HV-soldaten kan få sårt etterlengta trening i allsidig og sikker våpenhåndtering langt ut over det som er mulig i eit vanlig HV-område, utan at det kostar HV verken tid eller pengar. Det er mi klare anbefaling at HV sentralt må gå i ein dialog med DSSN for å sjå på mulighetene for ein mulig nasjonal militær klasse, slik dei har til dømes i Sverige. Dette vil også styrke bånda på tvers av landegrensene i dei nordiske landa og legge til rette for meir allsidig militær idrett i Noreg og Norden. Samtidig vil eg anbefale alle i områdestrukturen til å ta forbindelse med nærmaste klubb som driver med dynamisk skyting eller sitt lokallag av NROF, og finne ut korleis ein kan begynne å trene meir i eigen regi. Tross alt er faglig dyktigheit den enkelte sitt ansvar den dagen det virkelig trengs.

 

Lt. Ingebrigt Polden

Tr. Sj. i HV og dynamisk skytter

 

Om forfatteren

Ingebrigt Polden er troppsjef i F-styrken i HV. Han har bakgrunn fra Forsvaret og sikkerhetsbransjen i inn- og utland. Siden 2009 har han jobbet som instruktør for det danske kursselskapet PPA International, hvor han har holdt kurs rundt i Europa. Han er nå med å etablere kurs- og utstyrsleverandøren First Response Medical AS i Norge. Ingebrigt er aktiv jeger og har skutt dynamisk rifle og pistol siden 2007.

 

Posted in Gjesteinnlegg.

Espen